Kinda Kinks er eit studioalbum av det engelske rockebandet The Kinks frå 1965. Det vart gjeve ut i USA med noko anna innhald.
Det vart spelt inn og gjeve ut i løpet av berre to veker etter dei kom heim frå ein turné i Asia. Ray Davies og bandet var ikkje nøgd med produksjonen. Singelen «Tired of Waiting for You» gjekk til topps på UK Singles Charts.
Produksjon Albumet vart spelt inn så snart gruppa kom heim frå ein turné i Asia og var ferdig og utgjeve to veker seinare.The Kinks: All Day and All of the Night, A Guide by Doug HinmanKinda Kinks CD liner notes I følgje Ray Davies var dette for kjapt og bandet var misnøgd me resultatet. På grunn av press frå plateselskapet var det ikkje tid til å fikse feil i miksen. Davies sa «Ein skulle ha brydd seg litt meir med resultatet. Eg trur (produsenten) Shel Talmy gjekk for å langt i å halde på dei røffe kantane. Dobbeltspora på eit par av songane er fryktelege. Albumet hadde betre songar enn det første, men det vart ikkje utført riktig. Det vart gjort altfor kjapt.»
Utgjeving Albumet kom ut på Pye i Storbritanni 5. mars 1965, og på Reprise i USA den 11. august 1965. Den amerikanske utgåva hadde songane gjevne ut i ei anna rekkjefølgje. Fleire av songane var fjerna og singelen «Set Me Free» vart henta inn.
Singelen «Tired of Waiting for You» gjekk til topps på UK Singles Charts.The Kinks in the UK Charts , The Official Charts. Henta 7. april 2018. Sjølve albumet nådde tredjeplassen på UK Album Charts.
«Wonder Where My Baby Is Tonight» vart gjeve ut på singel i Noreg og Sverige i 1966 med B-sida «I Need You», og denne nådde sjuandeplassen på den svenske singellista.
Innhald
Britisk utgåve
Amerikansk utgåve
Medverkande The Kinks Ray Davies - solovokal (utanom der andre er nemnde), korvokal, rytmegitar, piano på «Wonder Where My Baby Is Tonight» Dave Davies - sologitar, korvokal, solovokal på «Got My Feet on the Ground», «Naggin' Woman», «Wonder Where My Baby Is Tonight» og «Come On Now» Pete Quaife - bassgitar, korvokal Mick Avory - trommer (utanom der andre er nemnde)
Andre medverkande Bobby Graham - trommer på «Tired of Waiting for You» Rasa Davies - korvokal på «Look for Me Baby», «Dancing in the Street», «Come On Now», «I Need You»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kinda Kinks» frå , den 7. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Kinks-album Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:Album produserte av Shel Talmy Kategori:Pye Records-album Kategori:Reprise Records-album