Tõnu Õim () er ein estisk sjakkspelar og Stormeister i fjernsjakk, mest kjend for å vere den første som klarte å vinne Verdsmeisterskapen i fjernsjakk to gongar, i 1983 og 1999.
Tõnu Õim vart utnemnd til stormeister i fjernsjakk av ICCF i 1981. ICCF heimeside vitja 13. april 2009
Han vann den 9. VM-finalen i fjernsjakk, som gjekk frå 1977-1983, med 13 poeng av 16 moglege, +10 = 6, ingen tap.Krysstabell for det 9. VM i fjernsjakk, vitja 13. april 2009
I den 12. VM-finalen, 1984-1991, vart det ein 6-plass med 8,5/14, +5 =7 -2.Krysstabell for det 12. VM i fjernsjakk, vitja 13. april 2009
Han vann deretter den 14. VM-finalen,1994-2000, med 11/14, +9 =4 -1.Krysstabell for det 14. VM i fjernsjakk, vitja 13. april 2009
Han har klart stormeisterkravet i fjernsjakk fire gongar, i 9. og 14. VM-finalane som han vann, og i Paul Keres 85 minneturnering avslutta i 2004 med 8/14, +3 =10 -1,Krysstabell for Paul Keres minneturnering Vitja 13. april 2009 og Axelsson minneturnering. ICCF heimeside vitja 13. april 2009
Han klarte også 50 %, 4 av 8 og ein 5-plass av dei 9 deltakarane i ICCF si 50-års-jubileumsturnering 2001-2004, ei turnering som bestod av 9 tidlegare verdsmeistrar i fjernsjakk.ICCF 50 års jubileumsturnering, vitja 13. april 2009
Minneverdige sjakkparti Tonu Oim mot Grigory Konstantinovich Sanakoev, 50th World Champions Jubilee Tournament 2003, Siciliansk forsvar: Najdorf-varianten, engelsk angrep (B90), 1-0 Tonu Oim mot Juan Sebastian Morgado, 14. Verdsmeisterskapen i fjernsjakk, finale 1994, Firspringarspel, den skotske varianten, mottatt gambit (C47), 1-0
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Tõnu Õim sine parti på Chessgames.com ICCF sin offisielle nettstad
Kategori:Verdsmeistrar i fjernsjakk Kategori:Internasjonale fjernsjakkstormeistrar Kategori:Estiske sjakkspelarar Kategori:Sovjetiske sjakkspelarar Kategori:Folk frå Tallinn