Kärdla er den største byen på øya Hiiumaa i Estland og hovudstad i Hiiu maakond.

Geografi Kärdla (etter det opphavlege svenske namnet Kärrdal) ligg på nordaustkysten av Hiiumaa, ved Tarestebukta (Tareste laht) (svensk Tarrasviken). Søraust for byen ligg Kärdla-krateret, som er 455 millionar år gammalt. Fleire små elvar renn gjennom byen. Her finst òg ein artesisk brønn.

Historie Kärdla vart først nemnd i 1564 som ein landsby busett av svenskar. Han blømde då det vart opna ein tekstilfabrikk her i 1830. Ei hamn vart bygt i 1849. Både hamna og fabrikken vart øydelagd under den andre verdskrigen. Kärdla vart offisielt ein kommune i 1920 og ein by i 1938.

Kjende folk Komponisten Erkki-Sven Tüür vart fødd i Kärdla.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kärdla» frå , den 8. april 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Estland Kategori:Kommunar i Estland Kategori:Hiiu maakond