Firdaposten er ei lokalavis for kommunane Kinn og Bremanger, med hovudkontor i Flora. Ho vart grunnlagt i 1948 som eit partiorgan for Arbeidarpartiet. Avisas første redaktør var Guttorm Hansen, seinare stortingspresident. Firdaposten gjekk frå to til tre utgåver i veka allereie i 1956. I 1988 gjekk avisa opp til fire utgåver i veka. Firdaposten var dagsavis i frå desember 1994 til ut på nyåret i 1996. A-pressen (no Amedia) kjøpte Firdapostens konkurrent, avisa Firda i Førde i 1995. Det fekk konsekvensar for Firdaposten i Florø som i dag er attende til tre utgjevingar i veka. Frå 2018 kjem avisa ut to gonger i veka på papir. Redaksjonslokalet ligg i Florø.

Opplagstal

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Aviser i Vestland Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Norske lokalaviser Kategori:Skipingar i 1948