mini|Gunvor G. Ericson, svensk riksdagspolitikar. mini|Gunvor Eldegard, norsk stortingspolitikar. Gunnvor og Gunvor er skandinaviske kvinnenamn avleidd frå norrøne Gunnvǫr, som er sett saman av namnedelane gunnr, 'strid' og kanskje várr, 'var, forsiktig'. Gunvor har namnedag i Sverige den 3. mars og i Noreg den 3. april.

Bruk Namnet finst som Gunvar på runesteinar, og blei igjen teke i bruk i Skandinavia på 1800-talet.

Gunvor var eit mykje brukt namn for norske jentebarn på 1910- og 1920-talet, då det blei brukt for rundt 1,2 % av jentebarn. I 2009 var det 5 596 kvinner som heitte Gunvor og 702 som heitte Gunnvor i Noreg.

Namneberarar Gunvor Mjelva (1902-1988), norsk pianist og operasongar Gunvor Winberg (1907–1979), svensk skodespelar Gunvor Hall (1908–1961), norsk skodespelar Gunnvor Advocaat (1912–1997), norsk bildekunstnar Gunvor Galtung Haavik (1912–1977), norsk ambassademedarbeidar i Moskva, arrestert for spionasje Gunvor Svensson Lundkvist (f. 1916), svensk kunstnar Gunvor Hofmo (1921–1995), norsk diktar Gunvor Stornes (f. 1924), norsk lyrikar Gunvor Pontén (f. 1929), svensk skodespelar Gunvor Margaret Schnitler (f. 1930), norsk politikar (H) Gunvor Gjessing (f. 1932), norsk journalist Gunvor Risa (f. 1943), fyrsteamanuensis i norsk Gunvor Hals (f. 1953), programvert i NRK Fjernsynet Gunvor G. Ericson (f. 1960), svensk riksdagsrepresentant for Miljöpartiet de Gröna Gunvor Eldegard (f. 1963), norsk stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Gunvor Ulstein (f. 1969), norsk konsernsjef

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gunvor» frå , og «Gunvor» frå den 2. april 2009.

kategori:kvinnenamn kategori:norrøne førenamn kategori:namn knytte til strid