Sissel Solbjørg Bjugn () var ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1978 med diktsamlinga Den første avisa på Lofotveggen, som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Bjugn gav ut fleire prisløna diktsamlinger og barnebøker, i tillegg til romanar. Gjennom heile forfattarskapen vart Bjugn rekna for å vere nyskapande og orginal med ein stil som grensar til absurdisme, òg når ho skriv for barn.
Om Sissel Solbjørg Bjugn
I 2018 gav Tor Eystein Øverås ut boka Skrive, teikne, røre og slåst der han teiknar eit portrett av Bjugn. Boka inneheld også dikt, tekstar og illustrasjonar som Bjugn hadde på trykk i aviser, tidsskrift og antologiar.
Verkliste Den første avisa på Lofotveggen – dikt (1978) Stille etter elleve i Bokheimen – barnebok (1979) Sulis' Bok – barnebok (1980) Spenn beltet kring livet og hald lampa tend! Ei bok om gruva – roman (1981) Elisa der og Beth her – barnebok (1983) Handa i buret – barnebok (1984) (illustrert av Dag Fyri) Den magre narsissisten – dikt (1984) Bill og ei til – barnebok (1985) Stakkars Ungarn – barnebok (1986) Bye, bye – dikt (1989) Ti bestemødrer og eitt barnebarn – barnebok (1990) (saman med Judith Allan) Tornekysset – dikt (1992) Jente i bitar – barnebok, (1992) (illustrert av Fam Ekman) Sjonglering og bjugnlering : 1972-1993 – dikt i samling (1994) Ola trudde først! – barnebok (1994) (illustrert av Alf-Kaare Berg) Lus – barnebok (1996) (illustrert av Alf-Kaare Berg) Under isen – roman (1997) Depp – dikt (1999) Brynhilds – barnebok (2002) Foten veit – barnebok (2009), skriven under psvdonymet Marry, prinsesse av Europa Sjonglering og bjugnlering: Dikt og tekstar i samling 1972-1999 – lrikk, drama, essay (2018)
Prisar Tarjei Vesaas' debutantpris 1978, for Den første avisa på Lofotveggen Nynorsk barnelitteraturpris 1985, for Handa i buret Blix-prisen 1989 Brageprisen 1992, for Jente i bitar (saman med Fam Ekman) Melsom-prisen 1993, for Tornekysset
Kjelder
Nordnorsk Forfatterlag: Sissel Solbjørg Bjugn døde 14. juli
Referansar
Bakgrunnsstoff Audiatur: Om Sissel Soberg Bjugns diktning
Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1978 Kategori:Folk frå Bardu Kategori:Forfattarar frå Troms Kategori:Vinnarar av Blixprisen Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Tarjei Vesaas' debutantpris Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Vinnarar av Nynorsk barnelitteraturpris