Sjå òg måleininga sievert Sivert er eit mannsnamn som oppstod som ei frisisk form av Siegward. Dette namnet har opphav i dei gammalhøgtyske orda sigu, 'siger', og wart, 'vakt'. Sigvard er den skandinaviske forma av dette namnet.

Sivert har namnedag i Noreg den 2. april og Sievert har namnedag i Sverige den 25. februar.

Andre stavemåtar av namnet er Sievert, Siewert, Siwert og Syvert. Moglege variantar er dansk Sivart, færøysk Sívar, norsk og svensk Siver, svensk Sifuert, Sivar og Sivard, og tysk Sibert, Siefert og Syfert.

Bruk Sivert var eit utbreidd namn på norske gutebarn på 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. I 2009 var det 2 193 norske menn som heitte Sivert.

Namneberarar Sivert Aarflot (1759–1817), norsk folkeopplysningsmann Sivert Pålsson Bratberg (1780-1816), Eidsvollsmann Sivert Fergstad (1813-1885), norsk prest og stortingsmann Sivert Strøm (1819-1902), norsk jurist og stortingsmann Sivert Nielsen (1823-1904), norsk stortingsmann Sivert Aasen (1858-1928), norsk prest og stortingsmann Sivert Donali (f. 1931), norsk bilethoggar Sivert Høyem (f. 1976), norsk vokalist frå Madrugada

Etternamn Rolf Sievert (1896–1966), svensk fysikar, opphavet til eininga sievert

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sivert» frå , den 1. april 2009.

Kategori:Mannsnamn Kategori:Frisiske førenamn Kategori:Førenamn av gammalhøgtysk opphav