«Rough Justice» er opningssporet på albumet A Bigger Bang av det engelske rockebandet The Rolling Stones frå 2005.
Han er skriven av Mick Jagger og Keith Richards. I følgje Richards drøymde han riffet i songen.
Songen er ein streit rockesong og fortel ei soge om eit røft kjærleiksforhold mellom songaren og kjærasten hans:
Innspelinga starta i La Fourchette, Posé sur Cisse i Frankrike i juni 2005. Jagger song vokal og spelte elektrisk rytmegitar, Richards spelte rytmegitar, inkludert riffet. Ronnie Wood spelar glidegitar, Darryl Jones bass, Charlie Watts trommer og Chuck Leavell piano.
«Rough Justice» vart gjeven ut på singel i lag med «Streets of Love» den 22. august 2005. Han nådde 15. plass på den britiske singellista.
Songen vart mykje spelt på A Bigger Bang-turneen og er med på den siste DVD-utgjevinga deira, The Biggest Bang. Han var òg ein av tre songar the Stones spelte u pausen på Super Bowl XL, men ordet «cocks» vart sensurert av ABC under sendinga.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rough Justice (The Rolling Stones song)» frå , den 30. mars 2009.
Kategori:Singlar frå 2005 Kategori:Songar frå 2005 Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Songar produserte av Don Was Kategori:Songar produserte av The Glimmer Twins