«You Got Me Rocking» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones på albumet Voodoo Lounge frå 1994.

Songen vart skriven tidleg i 1993 som ein bluessong. Songen vart etter kvart endra til ein meir streit rockesong i same gate som «Start Me Up».

Innspelinga av «You Got Me Rocking» varte sommaren 1993, og fram til tidleg på vinteren året etter. Songen vart gjeven ut som singel i Storbritannia i september 1994, der han nådde 23. plass.

B-sida var songen «Jump on Top of Me», som til då berre hadde vore gjeven ut på filmmusikken til Prêt-à-Porter.

«You Got Me Rocking» har vorte spelt mykje på konsertar av the Stones i tida etter, og ei utgåve finst på konsertalbumet No Security frå 1999.

Innhald 7" VS1518 «You Got Me Rocking» «Jump on Top of Me»

12" VST1518 «You Got Me Rocking» (Perfecto Mix) «You Got Me Rocking» (Sexy Disco Dub Mix) «You Got Me Rocking» (Trance Mix)

Kassett VSC1518 «You Got Me Rocking» «Jump on Top of Me»

CD VSCDE1518 «You Got Me Rocking» «Jump on Top of Me»

CD VSCDT1518 «You Got Me Rocking» «Jump on Top of Me» «You Got Me Rocking» (Perfecto Mix) «You Got Me Rocking» (Sexy Disco Dub Mix)

CD VSCDG1518 - digipak «You Got Me Rocking» «Jump on Top of Me» «You Got Me Rocking» (Perfecto Mix) «You Got Me Rocking» (Sexy Disco Dub Mix)

Salslister Liste (1994) PlasseringAustralia (ARIA)64

Kjelder Denne artikkelen bygger på «You Got Me Rocking» frå , den 30. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1994 Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar frå 1994 Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Songar produserte av Don Was Kategori:Songar produserte av The Glimmer Twins