Undercover er eit album av The Rolling Stones frå 1983. Etter det førre studioalbumet deira, Tattoo You, som hovudsakleg var ei samling av tidlegare innspelingar, var Undercover det første albumet deira med nye songar spelt inn i 1980-åra. Etter kvart som MTV-generasjonen var på god veg fram, prøvde The Rolling Stones å tilpasse seg den nye æraen.

Historie På grunn av framsteg innan innspelingsteknologi slo The Glimmer Twins (som var Mick Jagger og Keith Richards) seg offisielt i saman med produsent Chris Kimsey, den første produsenten dei nytta seg av sidan Jimmy Miller, om lag 10 år tidlegare. Innspelinga starta i november 1982 i Paris. Dei gjorde ferdig albumet sommaren etter i New York City.

Innspelinga av Undercover var ein vanskeleg prosess, hovudsakleg fordi striden mellom Jagger og Richards no var i full gang. Jagger ønskte å eksperimentere med nye stilartar, medan Richards ønskte å halde bandet til rock og bluesrøter. Dette førte til mykje gnissingar og spaning mellom dei to frontmennene i The Rolling Stones dei neste åra.

Tekstane på Undercover er av dei mest makabre Mick Jagger har skrive og hovudsingelen «Undercover of the Night» hadde mange uhyggelege tema og var ein sjeldan politisk song om Sør-Amerika. Det same hadde songane «Tie You Up (The Pain Of Love)» og «Too Much Blood». Undercover er ei blanding av hardrock, reggae og new wave, og syner tautrekkinga mellom Jagger og Richards. «Pretty Beat Up» er hovudsakleg ein song av Ronnie Wood og Jagger og Richards var visstnok begge motvillige til å ta han med på albumet.

Undercover kom ut i november 1983 og fekk generelt god kritikk. Han nådde tredjeplassen i Storbritannia og Noreg, og fjerdeplassen i USA. Albumet var det første etter åtte førsteplassar på rad i USA (utanom samlinga og konsertalbum), og hadde heller ikkje nokre store hitsinglar.

Ettermæle Undercover deler framleis kritikarar og tilhengjarar. Sjølv om det vart hylla av fleire kritikarar då det kom ut, reknar mange tilhengjarar albumet som eit av deira svakaste, eit syn Jagger sjølv har delt i intervju seinare. Enkelte kritikarar har trekt fram produksjonen som eit svakt punkt. Andre har sett dei ufyselege tekstane i samanheng med striden mellom Jagger og Richards. Albumet var det siste seriøse forsøket bandet hadde på å ta bandet i ei ny musikalsk retning, og seinare (og meir populære) album har gått meir tilbake til den opphavlege rock- og bluesstilen frå tidleg i 1970-åra.

I 2005 hadde musikkmagasinet Q songen «Undercover of the Night» på lista si «Ten Terrible Records by Great Bands» («Ti grufulle plater av store band»).

Innhald

Medverkande The Rolling Stones Mick Jagger – solo- og korvokal, elektrisk gitar, munnspel Keith Richards – elektrisk gitar, korvokal; solovokal på «Wanna Hold You»; bassgitar på «Pretty Beat Up» Ronnie Wood – elektrisk og slidegitar, korvokal; bassgitar på «Tie You Up» og «Wanna Hold You» Bill Wyman – bassgitar, perkusjon; piano på «Pretty Beat Up» Charlie Watts – trommer

Andre medverkande Chuck Leavell – klaverinstrument, orgel, piano Ian Stewart – piano på «She Was Hot» og «Pretty Beat Up», perkusjon David Sanborn – saksofon CHOPS – horn Sly Dunbar – perkusjon Robbie Shakespeare – bassgitar Moustapha Cisse – perkusjon Brahms Coundoul – perkusjon Martin Ditcham – perkusjon Jim Barber – elektrisk gitar på «Too Much Blood»

Teknisk Hubert Kretzschmar – fotografi og illustratør Peter Corriston - design Bob Clearmountain – miksing

Salslister

Vekeslister Liste (1983–84)PlasseringAustralske Kent Music Report3Den austerrikske albumlista8Canadian RPM Albums Chart2Den nederlandske albumlista1Den franske SNEP-listaMerk: vel 'The Rolling Stones' frå lista.11Den tyske Media Control-lista2Den italienske albumlista10Den japanske Oricon-lista12Den newzealandske albumlista2Noreg - VG-lista3Den spanske albumlista 5Den svenske albumlista1Den sveitsiske albumlista5UK Albums Chart3US Billboard 2004

Årslister Liste (1983)PlasseringDen australske albumlista73Den kanadiske albumlista45Den nederlandske albumlista29Den franske albumlista87Den italienske albumlista58Liste (1984)PlasseringDen australske albumlista87Den kanadiske albumlista33Den nederlandske albumlista93

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Undercover (album)» frå , den 26. mars 2009.

Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Album produserte av Chris Kimsey Kategori:Album produserte av The Glimmer Twins Kategori:Rolling Stones Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Discoalbum Kategori:Plateomslag av Peter Corriston