"Still Life" (American Concert 1981) er eit konsertalbum av The Rolling Stones frå 1982. Det vart spelt inn under den amerikanske turneen deira i 1981, mot slutten av året, og kom ut før den europeiske delen av turneen starta sommaren 1982.

Før albumet kom ut gav bandet ut The Miracles-songen «Going to a Go-Go» på singel.

"Still Life" (American Concert 1981) vart ein kommersiell suksess og nådde fjerdeplassen i Storbritannia, femteplassen i USA og tredjeplassen i Noreg. Det fekk derimot ikkje så god kritikk, og det vart trekt fram at albumet høyrdest for glatt ut og mangla dei røffe kantane ein kunne forvente under ein Rolling Stones-konsert. Innhald

Medverkande Mick Jagger - vokal, munnspel, gitar Keith Richards - gitar, korvokal Charlie Watts - trommer Ronnie Wood - gitar Bill Wyman - bass

Andre medverkande Ian Stewart - piano Ian McLagan - orgel Ernie Watts - saksofon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «"Still Life" (American Concert 1981)» frå , den 25. mars 2009.

Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Konsertalbum frå 1982