«Respectable» er ein song av The Rolling Stones frå albumet deira Some Girls frå 1978. Han vart skriven av Mick Jagger og Keith Richards.

Jagger skreiv i omslaget til samleplata Jump Back i 1993 at dei var påverka av punkrocken då dei spelte inn Some Girls, og at dette gjorde seg utslag i ein meir aggressiv stil, som ein kan høyre i denne songen.

Songen vart spelt inn frå oktober til desember 1977. Han vart opphavleg skriven av Mick Jagger som ein treigare song, men gitarist Richards såg potensialet med å spele han raskare og gjere ein skikkeleg rockelåt ut av det. I følgje Jagger var songen «punk møter Chuck Berry».

Berre medlemmar frå bandet spelar på sine respektive instrument på songen, i tillegg til Jagger på gitar. «Respectable» vart gjeven ut som singel i Storbritannia 15. september 1978 og nådde 23. plassen der.

Ei konsertutgåve av songen frå 1997-1998-turneen deira vart gjeven ut på albumet No Security.

Salslister Liste (1978)Plassering

Bakgrunnsstoff Songteksten

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Respectable (The Rolling Stones song)» frå , den 24. mars 2009.

Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Musikkvideoar regisserte av Michael Lindsay-Hogg Kategori:Songar produserte av The Glimmer Twins Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards