Overformynderiet har som oppgåve å vareta umyndige - mindreårige og umyndiggjorde - sine interesser, særleg på det økonomiske området. Dei syter for oppnemning av verje og hjelpeverje og fører tilsyn med desse. Overformynderiet forvaltar midlar for dei umyndige, og fører kontroll i dei tilfella der verje eller hjelpeverje forvaltar midlar. Overformynderiet fattar vedtak i ein del viktige saker, så som om ein umyndig skal selje fast eigedom, bruke eller fråfalle odelsrett.

Det er eit overformynderi i kvar kommune. Oppgåvene til overformynderiet blir regulert av verjemålslova. Fylkesmannen er klageinstans. Overformynderiet, Aftenposten fakta, 21. september 2008, side 3.

Ei av dei mest praktiske problemstillingane er at overformynderiet tar kontroll over pengane viss eit barn arvar meir enn kr 75.000.Dine Penger: Du kan unngå overformynderiet , VG Nett

Kjelder

Bakgrunnsstoff Verjemålslova av 1927

Kategori:Rettsvitskap Kategori:Privatrett