mini|Gertrud II von Boventhen, tysk abbedisse frå mellomalderen. mini|Tysk minneplate for diktaren Gertrud Kolmar som døydde i Holocaust. mini|Gertrud Scholtz-Klink, nazistisk kvinneleiar eller Reichsfrauenfuhrerin. Gjertrud er ei norsk form av dei opphavleg tyske kvinnenamna Gertrud eller Gertrude. Gjertrud har namnedag den 17. mars i Noreg medan Gertrud har namnedag på same dato i Danmark og Sverige.

Variantar Den norrøne forma av namnet er Geirþrúðr som er avleidd av geirr, 'spyd' og og þrúðr (trudr), 'styrke'.

I den norske folketeljinga frå 1801 finn ein namnet med fleire skrivemåtar: Giertrud, Giertrue, Giertru, Gjertrud, Gertrud, Jertru og Gjertrue.

Kortformer av namnet er nederlandsk Geertje, tysk Gerti, engelsk Gertie og Gerty, finsk Kerttuli, nordisk Trude, tysk Traudel, Trudel, engelsk Trudi, Trudie og Trudy og nederlandsk Truus.

Namneberarar Heilage Gjertrud av Nivelles (626–659) Heilage Gjertrud av Helfta (1256–1302), benediktinarnonne og katolsk helgen også kjend som Gjertrud den store Gertrud Rask (1673-1735), kona til misjonæren Hans Egede Gertrude Atherton (1857–1948), amerikansk forfattar Gertrude Stein (1874–1946), amerikansk-fransk forfattar Gertrude Vanderbilt Whitney (1875–1942), amerikansk kunstnar og kunstsamlar Gertrude Malissa Nix Pridgett Rainey, kjend som Ma Rainey (1886/1882–1939), afroamerikansk bluessongar Gertrud Scholtz-Klink (1902–1999), tysk nazileiar Gertrude Ederle (1905-2003), USA-amerikansk symjar Gertrude Mongella, (f. 1945), tanzaniansk politikar Gjertrud Schnackenberg (f. 1953), amerikansk diktar Gjertrud Økland (f. 1963), norsk fiolinist Gjertrud Jynge (f. 1966), norsk skodespelar Gjertrud Eia (f. 1979), norsk programleiar

Annan bruk Gjertrudfuglen er eit kristent legendeeventyr Gjertrudsmesse er ei messe til minne om Gjertrud av Nivelles feira 17. mars Gjertrud Krogstad var rollefigur i den norske TV-serien Hotel Cæsar i perioden 2000–2003 og i 2005, spela av Kari Simonsen Gjertrud (Gertrude) er ein rollefigur i Hamlet av William Shakespeare

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gjertrud» frå , den 16. mars 2009.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Førenamn av gammalhøgtysk opphav Kategori:Namn knytte til eigenskapar Kategori:Namn knytte til våpen