mini|Guðný Árnadóttir Gudny eller Guðný er eit nordisk kvinnenamn sett saman av dei norrøne namnedelane Guð-, som tyder ‘gud’, og ný, som tyder ‘ny’. Gudny har norsk namnedag den 16. mars. Ei anna form av namnet er Gunni.
Namnet har vore vanleg på Island sidan 900-talet. I 2004 var Guðný det 18. mest utbreidde kvinnenamnet der.
Namnet har ei førekomst i Noreg i mellomalderen. Det var noko brukt etter reformasjonen. I nyare tid hadde det ein liten oppsving i bruken i mellomkrigstida, men blei seinare mindre vanleg. I 2009 var det 471 kvinner som heitte Gudny i Noreg.
Namneberarar Gudny Bödvarsdotter, gift med den islandske hovdingen Hvamm-Sturla Tordsson og mor til Snorre Sturlasson
Gudny Dalflyen (f. 1915), norsk omsetjar Gudny Dahlen (f. 1942), norsk musikar Gudny Fagerhol (f. 1949), norsk ordførar Gudny Aspaas (f. 1951), norsk songar Gudny Hagen (f. 1954), norsk forfattar og musikar Guðný Halldórsdóttir (f. 1954), islandsk filmskapar Guðný Björk Óðinsdóttir (f. 1988), islandsk fotballspelar Guðný Árnadóttir (f. 2000), islandsk fotballspelar
Kjelder
Spørjekassa om namn
Denne artikkelen bygger på «Gudny» frå , den 15. mars 2009.
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Islandske førenamn Kategori:Norske førenamn Kategori:Namn knytte til religion