Philip Seymour Hoffman () var ein amerikansk teater- og filmskodespelar og regissør.
Hoffman tok ein BFA (Bachelor of Fine Arts) i drama etter å ha fullført utdanninga si ved New York-universitet Tisch School of the Arts. Han byrja den profesjonelle skodespelarkarrieren sin i fjernsynet i 1991, og året etter var han med i den fyrste filmen sin. Mangfaldet i filmrollene han spela i gjorde han anerkjend det følgjande tiåret, og han hadde også suksess som teaterskodespelar. Hoffman vart nominert til ein Tony Award for rollene i True West (2000) og Long Day’s Journey into Night (2003).
Rolla hans som Truman Capote i Capote (2005) gav han ein Oscar, ein BAFTA, ein Golden Globe og ein Screen Actors Guild Award. I seinare roller, som i The Savages (2007) og Charlie Wilson’s War (2007), vart han godt motteken, og for arbeidet med Doubt (2008) vart han nominert til fleire prisar.
Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske regissørar Kategori:Folk frå New York Kategori:Oscarvinnarar