Sölvesborgs kommun er ein kommune i Blekinge län i Sverige. Kommunen grensar til Bromölla kommun i Skåne län i vest, og Olofströms kommun og Karlshamns kommun i Blekinge län i nord. Administrasjonssenteret er Sölvesborg.
I kommunen finn ein i vest det skogkledde Ryssberget og i aust Listerlandet med strender og små viker. Næringslivet er mykje jordbruk med stort husdyrhald (fjørfe og svin), minkoppdrett, i tillegg til elektroteknisk industri og næringsmiddelindustri.
Administrativ historikk Ved kommunereforma i 1952 vart «storkommunen» Gammalstorp oppretta av dei tidlegare kommunane Gammalstorp og Ysane. Samtidig vart Sölvesborgs landskommun innlemma i Sölvesborgs stad. 1. januar 1971 vart Sölvesborgs kommun oppretta gjennom samanslåing av Sölvesborgs stad med Mjällby og Gammalstorps landskommunar.
Kommunevåpenet Blasonering: På gullbakgrunn, ein raud gresk kross og fire blå og raude ålar …«I fält av guld ett rött grekiskt kors åtföljd av fyra blå ålar med röd beväring, därest sådan skall komma till användning, de båda till vänster vänstervända och de båda undre störtade».
Sölvesborg sitt kommunevåpen vart fastsett for Sölvesborgs stad i 1945 med inspirasjon frå eit segl som tidlegast er kjent frå 1535. Etter kommunegrunnlegginga vart det registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1974.
Tettstader Det er ti tettstader i Sölvesborgs kommun. Ein mindre del av tettstaden Pukavik ligg i Karlshamns kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. Tettstad Folketal 1 Sölvesborg 7 883 2 Mjällby 1 272 3 Hällevik 776 3 Hörvik 776 5 Norje 674 6 Nogersund 532 7 Pukavik 283 8 Lörby 243 9 Ysane 212 10 Valjeviken 211
Kjelder Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Sölvesborgs kommun» på Wikipedia på svensk. «Sölvesborg – kommune» på Store Norske Leksikon.
Fotnote
Kategori:Kommunar i Blekinge län