Kubršnica (serbisk Кубршница) er ei elv i regionen Šumadija sentralt i Serbia, og ei 42 km lang sideelv til Jasenica frå venstre.
Kubršnica spring ut frå Venčac i eit område rikt på marmor og chamotte. Etter byen Smederevska Palanka munnar ho ut i Jasenica.
Langs den austlege delen av elva går jernbanen mellom Beograd og Niš. Ho har eit nedslagsfelt på 709 km², som høyrer til Svartehavet. Den nedre delen av elva er regulert for å hindre flaum, men ho er likevel flaumutsett kvart år.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kubršnica» frå , den 3. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
Kategori:Elvar i Serbia