Slåttespelet i Sigdal har utvikla seg dels til ei eiga grein av hardingfelespelet i Buskerud. Nokre slåttar er sams med slåttane i Krødsherad eller Numedal, men det finst og ein bunt slåttar som ikkje er nytta andre stader, mest springarar. Tradisjonsspelet her vart skrive ned etter spelemenn som Helge Reistad og Erik Evju. Reistad er nok den største kjelda for slåttespel i dalen.
Slåttar etter kjelde
Nummereringa viser til nummera i band IV og V av Hardingfeleverket. Om ikkje noko anna er oppgjeve, er slåttane samla av Truls Ørpen.
Helge Reistad
Truls Ørpen var og samla slåttar hjå Helge Reistad tidleg på 1930-talet.
218: Sigdalsspringar . Nedskriven 1934 (Ø 168). Slåtten er etter gamle spelemenn i Sigdal.
219: Sigdalsspringar . Nedskriven 1934 (Ø 169). Etter gamle spelemenn i Sigdal.
220: Vestgardingen . Nedskriven 1933 (Ø 173). Gamal sigdalsslått. Første taket svarar til visa Vila vid denna källa av Carl Michael Bellmann.
221: Sigdalsspringar . Nedskriven 1932 (Ø 174). Første taket er sams med eit tak i Kvenneslåtten.
Karl Bjørnsen
222: Hiåsen . Nedskriven 1939 (Ø 247). Bjørnsen hadde slåtten etter Ola Hiås frå Sigdal. Første taket er i slekt med eit tak i springaren Nordlendingen frå Telemark.
335: Ravnåsen I . Nedskrift Truls Ørpen 1939 (Ø 246). Bjørnsen hadde slåtten frå Narve Ravnås i Sigdal.
226: Ravnåsen II . Etter Narve Ravnås i Sigdal. Nedskriven 1937 (Ø 301).
Johan Saga
Eivind Groven skreiv ned slåttar etter Johan Saga i 1921.
230: Gamlemannsslåtten . (G 504).
336: Sigdalsspringar (G 645). Saga var så gamal då at han ikkje kunne spela, men han tralla slåtten, og Groven skreiv han ut for hardingfele.
Ole Evju
Ole Evju var frå Eggedal.
225: Fletta . Nedskriven 1947 (Ø 282). Evju hadde slåtten frå far sin, som og heitte Ole Evju. Det er uvisst kva slåttenamnet viser til.
334: Haraldhusen . Nedskriven 1928 (Ø 178). Slåttenamnet er etter Kittil Langebakke, som og kalla seg Haraldhus. Far hans heitte Harald, og plassen han kom frå Haraldhus. Nedstilt bass. Slåtten har mykje likskap med springaren Tannlausen.
Ole Viksbråten
224: Gjartrud Sund . Nedskriven 1939 (Ø 270). Viksbråten hadde slåtten etter far sin, Torgeir Viksbråten. Gjartrud Sund var frå garden Sund i Sigdal. Dette var slåtten hennar, fortalde dei. Første taket minner om Leikanruden, andre taket om kvenneslåtten.
Erik Evju
227: Den halte merra . Nedskriven 1937 (Ø 319). Slåtten skal vera laga av Knut Fosslia. Han spela i eit brurefølgje, men sat på ei halt merr, og han laga slåtten medan han rei. Haltinga kjem fram i stevet til slåtten gjennom synkope, trykk på andre slaget i takta. Dette svipar då inn på ein masurka.
Kategori:Norske slåttar