«Mother’s Little Helper» er ein song av The Rolling Stones. Han kom først ut på den britiske utgåva av albumet Aftermath frå 1966.

Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og spelt inn i Los Angeles frå 3. til 8. desember 1965. Songen omhandlar dei mørkare sidene av misbruk av reseptbelagt medisin hos husmødre.

Songen er basert på folkeleg akkordar og eit austleg-aktig gitarriff som høyrest ut som ein sitar.

Songen vart gjeve ut på singel i USA og nådde åttandeplassen på Billboard-lista i 1966.Joel Whitburn (1985), The Billboard Book of Top 40 Hits, ISBN 0-8230-7518-4

Medverkande Mick Jagger – solovokal, perkusjon Keith Richards – akustisk gitar, elektrisk 12-strengs slidegitar, korvokal Brian Jones – akustisk gitar Bill Wyman – bassgitar Charlie Watts – trommer Jack Nitzsche – Nitzsche-Phone

Salslister Liste (1966)Plassering

Andre utgåver Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Polyphonic Size, Liz Phair og Tesla.

The Simpsons-episoden «Brother’s Little Helper» er eit ordspel på songtittelen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mother's Little Helper» frå , den 26. februar 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Songar om narkotika Kategori:London Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Songar produserte av Andrew Loog Oldham