December's Children (and Everybody's) er det femte amerikanske studioalbumet til The Rolling Stones, gjeve ut i desember 1965. Sjølv om det hovudsakleg består av songar som vart gjevne ut tidlegare det året i Storbritannia, har det òg tre songar som ikkje var gjevne ut før. Det var det siste av dei tidlege albuma til gruppa som hovudsakleg består av songar skrivne av andre enn Mick Jagger og Keith Richards, som skreiv halvparten av songane. Det meste av albumet vart spelt inn i september 1965 i Los Angeles, under innspelinga av den britiske utgåva av Out of Our Heads og den nye singelen «Get Off of My Cloud». December’s Children (And Everybody’s) inneheld òg innspelingar frå så tidleg som 1963.

December's Children (And Everybody's) nådde fjerdeplassen i USA, der det selde til gullplate.. Bassisten Bill Wyman siterte Jagger som i 1968 skal ha sagt at plata «ikkje er eit album, berre ei samling av songar». Albumet får derfor berre kort omtale i boka til Wyman, Rolling with the Stones, som elles er omfattande om kvart album.

I august 2002 kom albumet ut på nymastra CD og SACD av ABKCO Records. «Look What You've Done» er den einaste innspelinga på albumet som vart gjeven ut i sann stereo.

Innhald

Medverkande The Rolling Stones Mick Jagger – solovokal , korvokal , tamburin Keith Richards – elektrisk gitar , korvokal , akustisk gitar Brian Jones – elektrisk gitar , munnspel , akustisk gitar , orgel , elektrisk piano , korvokal Bill Wyman – bassgitar , korvokal Charlie Watts – trommer

Andre medverkande Ian Stewart – piano Mike Leander – strykearrangement

Salslister Vekeslister ÅrListePlassering1966Billboard 2004

Singles ÅrSingleListePlassering1965«Get Off of My Cloud»Billboard Hot 10011966«As Tears Go By»Billboard Hot 1006

Salstrofé CountryProviderSalstroféUSARIAAGull

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «December's Children (And Everybody's)» frå , den 24. februar 2009.

Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:Album produserte av Andrew Loog Oldham Kategori:London Records-album