Paal-Helge Haugen () er ein norsk forfattar og gjendiktar.

Han studerte medisin ved Universitetet i Oslo frå 1964 til 1970. Frå 1971 tik 1972 studerte han film- og teater i USA, frå 1973 til 1978 underviste han i film- og skjønnlitterær skriving og frå 1978 har han vore forfattar på heiltid. Haugen bur på Nodeland i Songdalen, der kommunen har kalla ein park opp etter han.

Paal-Helge Haugen var med i Profil-krinsen på 1960-talet, frå 1965-67 var han redaksjonsmedlem i Profil. Den fyrste eigne boka hans var diktsamlinga På botnen av ein mørk sommar som kom i 1967, før det hadde han fått utgitt to gjendiktingar, Blad fra ein austleg hage med haiku-dikt og Kinesisk lyrikk. I 1968 kom punktromanen Anne der han brukte dokumentariske tekstar i fiksjonen og boka vekte mykje merksemd. Etter det har han skrive fleire diktsamlingar og også gjendikta poesi til norsk. Han vert rekna som ein av dei fremste lyrikarane i sin generasjon og han har vorte omsett til ei rekkje språk. Han har samarbeidd mykje med andre, både lyrikarar, musikarar og biletkunstnarar.

Bibliografi Blad frå ein austleg hage – haiku, gjendikting (1965) Kinesisk lyrikk – gjendikting (1966) På botnen av ein mørk sommar – Noveller (1967) Anne – roman (1968) Sangbok – noveller (1969) Det nye amerikanske huset – gjendikting (1970) Beman barrikadene - fienden har sluppet løs sin pyjamas! Antologi over engelsk og amerikansk pop-poesi, red. Paal-Helge Haugen og Einar Økland, (1970) Det synlege menneske – dikt (1975) Fram i lyset, tydeleg – dikt (1978) Steingjerde – dikt (1979) Herr Tidemann reiser – barnebok (1980) Spor – dikt i utvalg (1967-1980) (1980) I dette huset. – dikt (1984) (saman med Erling Kittelsen) Det overvintra lyset – dikt (1985) Inga anna tid, ingen annan stad – musikkdrama – (1986) (saman med Gunnar Germeten jr og Rolf Inge Godøy) Horisont – tekst og bilder – (1986) (Saman med Kjell Nupen) Verden Open – dikt i utval (1987) Magma – dikt i utval/gjendikting (1987) Vårfuglen – barnebok (1989) (saman med Mette Newth) Gjennom steinen – barnebok (1990) (saman med Mette Newth) Meditasjonar over Georges de la Tour – dikt (1990) Introduksjon. Ein skillingsmonolog (utgjeven av PHH) – (saman med Erling Kittelsen) (1990) Vidde. Eit dikt – (1991) (illustrert av Gunnar Torvund) Haiku. 200 norske versjonar – haiku (1992) Sone 0 – dikt (1992) Alexandrias aske – dikt (1993) (saman med Lars Saabye Christensen, Gro Dahle og Thorvald Steen) Ax – musikkdrama (1993) Ei natt på jorda – oratorium (1993) (musikk Kjell Habbestad) Eldsalamanderen – barnebok (1994) (saman med Mette Newth) Hertervig – operalibretto (1995) Hans Egedes natt – libretto til kammeropera (1995) Pilegrimen – kyrkjespel (1995) Poesi – dikt i samling 1965 - 1995 (1995) Vindsalme for dei døde. Rekviem til 50-årsmarkeringen av slutten på andre verdenskrig – (1995) Nidaros – oratorium (1997) Kvartett 2008 4 diktsamlingar gitt ut samla i ein sølvfarga plastpose: G's bok, Dantes oske, Passasje, Visum(2008) Kyst. Sør – (2009) Uncommon Deities – (2011) (saman med Nils Chr. Moe-Repstad)Punkt forlag. Delar av teksten utgjeven på plate med David Sylvian, Sidsel Endresen, Arve Henriksenhttp://davidsylvian.com/uncommondeities/

Prisar og utmerkingar 1966 - Blixprisen 1968 - Norsk kulturråds litteraturpris 1980 - Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 1985 - Gyldendals legat 1985 - Nynorsk litteraturpris 1986 - Doblougprisen 1986 - Richard Wilbur Prize, USA 1990 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris 1990 - Kritikarprisen 1990 - Cappelenprisen 1992 - Brageprisen 2001 - Edvardprisen 2008 - Aschehougprisen 2008 - Gyldendalprisen 16. januar 2009 vart Haugen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1965 Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vinnarar av Aschehougprisen Kategori:Vinnarar av Blixprisen Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Vinnarar av Nynorsk litteraturpris Kategori:Forfattarar frå Vest-Agder Kategori:Folk frå Valle Kategori:Vinnarar av Cappelenprisen