Per Olav Øien () er ein norsk fløytist og i fleire år solofløytist i Oslo Filharmoniske Orkester og Den Norske Blåsekvintett.
Han tok eksamen ved Bergens Handelsgymnas (1956) og Bergen Musikkonservatorium under fløytisten Hans Stenseth og teorilæraren Trygve Fischer. I heimbyen spelte han i Bergen Filharmoniske Orkester (1956-61), men flytta til Oslo for å kunne studere med Ørnulf Gulbransen. Debuten fann stad i Universitetets Aula i (1962). Med jamaldrande starta han Oslo Blåsekvintett (1962). Han overtok etter Alf Andersen i Kringkastingsorkestret (1962) og heldt fram studiar internasjonalt, då hos Aurèle Nicolet i Salzburg, Marcel Moyse i Sveits og Julius Baker i USA.Elef Nesheim, Om Per Øien (16.1.2008) Øien spelte i Oslo Filharmoniske Orkester (1967-85), frå 1970 som solofløytist i orkesteret og overtok i 1972 plassen til Ørnulf Gulbransen i Den Norske Blåsekvintett (1972).
Han vart tilsett ved Norges Musikkhøgskule som førsteamanuensis (1973), der han fekk opprykk til professor (1985). Utanlands har han spesielt spelt mykje i Canada og vore gjesteprofessor ved University of Western Ontario (1977, 1979) ofte i samarbeid med Robert Aitken.artistside og jobbeside I tillegg til fleire mindre bidrag på samleplater har han gjeve ut eit par i par. Per Øien reknast med i eliten av norske fløytespelarar i det 20. århundret der namn som Alf Andersen, Ørnulf Gulbransen, Torkil Bye og Tom Ottar Andreassen høyrer til dei beste.
Utgjevingar Romantic flute and harp (Simax, 1992). Med Elisabeth Sønstevold på harpe Arietta and variations (Pro Musica, 2005). Med Geir Henning Braaten på piano og Robert Aitken på fløyte. Komposisjoner av Franz og Karl Doppler.
Prisar Prinsesse Astrids musikkpris 1965
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Per Øien» frå , den 20. februar 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Norske fløytistar Kategori:Norske musikkprofessorar Kategori:Musikarar frå Bergen Kategori:Folk frå Bergen