Sølve er eit personnamn, frå det norrøne mannsnamnet Sǫlvi, ei sideform til Salve, kanskje av 'sal, hus' og etterleddet -ver som tyder 'mann, kjempe'. Namnet kan òg vere eit kvinnenamn, frå det norrøne kvinnenamnet Sǫlva, ei kortform av namn som Solveig.
Sølve har i Noreg namnedag den 20. juni.
Bruken av namnet i Noreg Det er sterkast tradisjon for å bruke namnet som mannsnamn. I folketeljinga frå 1801 hadde 10 menn namnet Sølve, flest budde i Telemark og Buskerud I 1900 var 8 menn listeførte med namnet Sølve, flest budde i Buskerud I 2008 hadde 14 kvinner og 437 menn Sølve til første fornamn
Kjende namneberarar Sølve Grotmol (1939-2010), norsk journalist Sølve Stang (f. 1962), norsk journalist
Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Folketeljingar i Digitalarkivet
Kategori:Mannsnamn Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Tvikjønna namn