Øre er ei bygd i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal. Staden ligg ved Batnfjorden, ved Skeidsdalen. Nede ved fjorden ligg Øre kyrkje.

Tidlegare kommune Øre var tidlegare ein sjølvstendig kommune, oppretta som Øre formannskapsdistrikt i 1837. 1. januar 1882 vart ein del av Fredø (Frei) kommune med 40 innbyggjarar overført til Øre. 1. september 1893 vart kommunegrensene i Øre, Frei og Kvernes kommunar justert, og Gjemnes oppretta som ny sjølvstendig kommune. 226 innbyggjarar frå Øre gjekk inn i den nye kommunen. 1. januar 1965 vart Øre og Gjemnes kommunar, samt området vest for Tingvollfjorden (Bergsøya) i Tingvoll kommune slått saman til dagens Gjemnes kommune. Øre hadde ved samanslåinga 1565 innbyggjarar.

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for tidlegare Øre kommune frå 1900 til 1965: 1900"Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Øre 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1965Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999) 2073 1697 1715 1890 1710 1622 1565

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Øre (Gjemnes)» frå , den 12. februar 2009.

Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Gjemnes kommune Kategori:Bygder i Møre og Romsdal Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1965