Young Nick's Head er eit framspring eller nes i den sørlege enden til havbukta Poverty Bay på austkysten til Nordøya på New Zealand. Det er fullt synleg frå den nærliggjande byen Gisborne.
Neset var det første stykke land som vart sett av mannskapet på kaptein James Cook sitt skip, «Endeavour» den 7. oktober 1769. Cook hadde lova ei påskjøning til den første av mannskapet som såg land. Denne gjekk til den 12 år gamle Nicholas Young, assistenten til skipslækjaren, i form av ein gallon (om lag fire liter) rom og at han fekk gje namnet sitt til neset.
På maorispråk vert framspringet kalla Te Kuri o Paoa"Ngā waewae tapu – Māori exploration" - 20. mai 2008 - Te Ara Encyclopedia of New Zealand, eller omsett 'Hovudet til Paoa sin hund', fordi fasongen på neset likna på hunden til den kjende maorioppdagaren Paoa.
Referanse
Kategori:Nes på New Zealand Kategori:Gisborne