Tsjekkia, offisielt Den tsjekkiske republikken, er eit land i Sentral-Europa. Det grensar mot Tyskland i vest, Austerrike i sør, Slovakia i aust og Polen i nord. Landet vart oppretta 1. januar 1993 og omfattar dei historiske områda Böhmen (tsjekkisk Čechy) og Mähren (Morava), i tillegg til ein liten del av Schlesien (Moravské Slezsko). Landet utgjorde fram til 1993 saman med det noverande Slovakia staten Tsjekkoslovakia. Tsjekkia blei med i NATO i 1999 og i EU i 2004.

Geografi

Topografi Tsjekkia har eit variert landskap, og er hovudsakleg delt inn i dei to områda Böhmen og Mähren. Böhmen i vest er eit område som vert drenert av elvene Labe (Elbe på tysk) og Vltava (Moldau på tysk), og er omringa av stort sett låge fjell som Sudetane. Krkonoše er ein del av Sudetane, og her finn ein det høgaste punktet i landet, Sněžka på 1 602 meter. Mähren, den austlege delen, er òg forholdsvis åslendt og vert hovudsakleg drenert av elva Morava, men elva Odra (Oder på tysk) har òg sitt utspring her. Vatnet frå Tsjekkia renn ut i tre forskjellige hav: Nordsjøen (Elbe), Austersjøen (Oder) og Svartehavet (Morava via Donau).

Eksklave Tsjekkia har òg ein 30 000 m² eksklave, Moldauhafen, midt i hamna til Hamburg i Tyskland. Denne vart gjeven til Tsjekkoslovakia av Artikkel 363 og 364 i VersaillestraktatenTreaty of Versailles, Part XII ved Wikisource for å gje landet, som er omgjeve av land, ein stad å transportere varer ned elvene og vidare ut på havgåande skip. Dette området vert gjeve tilbake til Tyskland i 2028.

Klima For meir om dette emnet, sjå Tsjekkisk geografi, klima.

Tsjekkia har eit temperert kontinentalklima med relativt varme somrar og kalde og skya vintrar, vanlegvis med snø. Det meste av regnet kjem om sommaren. Sidan landet ligg langt frå hav er temperaturskilnadane mellom sommar og vinter forholdsvis stor.

Administrativ inndeling

Byar Store tsjekkiske byar er Praha, Brno (tysk Brünn), Plzeň (Pilsen) og Olomouc (Olmütz). Andre kjende byar er České Budějovice, heimstaden til ølsorten Budvar eller ekte Budweiser; Český Krumlov er ein vakker historisk by som står på UNESCO si verdsarvliste; Karlovy Vary (Karlsbad ) og Mariánské Lázně (Marienbad ) er gamle kurbad, Liberec ligg vakkert nedanfor Krkonoše. Ústí nad Labem og Teplice er industribyar nord i Böhmen, Tábor sør på den tsjekkiske høgsletta er ein historisk stad med minner frå Husittkrigen, og Znojmo ved grensa til Austerrike er ein naturskjønn jordbruksby med vidkjende vin- og agurkavlingar.

Galleri

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Land i Europa Kategori:Kystlause land Kategori:Schengen-land