mini|Plasseringa til øya

Šarengradska ada (Šarengradøya) er ei i Donau i Kroatia, nær byen Šarengrad.

Under Jugoslavia var øya ein del av Sosialistrepublikken Kroatia. Under den kroatiske sjølvstendekrigen okkuperte den jugoslavisk folkearmeen og serbiske paramilitære styrkar øya. I 1991 vart Kroatia sjølvstendig og Badinter-komiteen avgjorde at grensene mellom republikkane i Jugoslavia skulle verte grensa mellom landa, men øya og områda aust i Kroatia var under serbisk kontroll på denne tida.

Etter fredsavtalen i 1998 kom Baranja og austlege område av Slavonia tilbake til Kroatia, men øya Šarengrad, samt øya Vukovarska ada vart verande under serbisk okkupasjon.

I 2002 opna den serbiske armeen eld frå øya mot presidenten Vukovar-Syrmia fylke, Nikola Safer og eskorten hans då han var på veg til eit møte med kollegaer i Serbia. Dette skjedde trass i at følgjet hadde fått offisiell serbisk løyve til møtet.Slobodna Dalmacija: 29

I 2004 trekte Serbia styrkane sine tilbake frå øya, og erstatta dei med serbisk politi, så kroatar har i dag høve til å vitje øya.

Serbarane meiner at sidan øya ligg nærare den serbiske breidda av Donau enn den kroatiske, så høyrer ho til Serbia. Kroatane følgjer derimot avgjersla til Badinter-komiteen, som gjer øya til ei kroatisk øy.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Island of Šarengrad» frå , den 7. februar 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Donau Kategori:Øyar i Kroatia Kategori:Øyar i Serbia Kategori:Omstridde øyar Kategori:Omstridde område i Kroatia Kategori:Omstridde område i Serbia Kategori:Den kroatisk-serbiske grensa