Borgo Maggiore er ein av ni kommunar eller castelli i San Marino. Han ligg ved foten av Monte Titano og har om lag 6000 innbyggjarar, noko som gjer han til den nest største byen i San Marino, etter Dogana.

Geografi Han grensar til dei sanmarinske kommunane Serravalle, Domagnano, Faetano, Fiorentino, San Marino og Acquaviva, samt den italienske kommunen Verucchio.

Historie Området vart tidlegare kalla Mercatale («marknadsplass») og er framleis ein viktig marknadsby i San Marino. I dag finn ein den einaste landingsplassen for helikopeter i Borgo Maggiore.

Grender Borgo Maggiore har seks grender (curazie): Cà Melone, Cà Rigo, Cailungo, San Giovanni sotto le Penne, Valdragone, Ventoso

Kjende innbyggjarar Manuel Poggiali (f. 1983), sanmarinsk motorsykkelløpar.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Borgo Maggiore» frå , den 4. februar 2009.

Kategori:Byar i San Marino