Dmitrovsk (russisk Дмитровск) er ein by i Orjol oblast i Russland med om lag 5 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 90 km sørvest for Orjol.

Han vart grunnlagd i 1711 som landsbyen Dmitrijevka (russisk: Дми́триевка). Etter at det vart bygd ei kyrkje der vart namnet endra til Dmitrovka (russisk: Дмитровка). Han fekk byrettar i 1782. I 1929 vart namnet igjen endra, denne gongen til Dmitrovsk-Orlovskij (russisk: Дмитровск-Орловский) og i 2005 fekk han det noverande namnet Dmitrovsk.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Dmitrovsk» frå , den 4. februar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1711