Dalmatovo (russisk Далма́тово) er ein by i Kurgan oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Iset, ei sideelv til Tobol, rundt 180 km nordvest for Kurgan.
Historie mini|venstre|Dalmatovo i 1912. Bilete av Sergej Prokudin-Gorskij.
Dalmatovo vart grunnlagd i 1644 som ein sloboda ved eit kloster grunnlagd og kalla opp etter munken Dalmat (derfor bynamnet). Seinare vart denne slobodaen busetnaden Dalmatovskoje (russisk Далма́товское). Dalmatovo er kjend som eit av dei første sentera for russisk ortodoksi, skrivekunnskap og russisk kultur i den transuralske regionen på tidleg på 1700-talet. Han var òg ein eksilstad for enkelte gammaltruande. I 1781 fekk Dalmatovo bystatus, for så å verte nedgradert til landsby igjen i 1797. På 1800-talet var Dalmatovo kjent som eit senter for dyrking av agurkar og sanking av humle. I 1947 fekk Dalmatovo igjen bystatus.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Dalmatovo» frå , den 4. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1644