Posjekhonje (russisk Пошехо́нье) er ein by i Jaroslavl oblast i Russland med om lag 6 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sogozja, men elvedalen nedanfor Posjekhonje er no flauma over av Rybinsk-reservoaret), rundt 151 km nordvest for Jaroslavl.
Byen vart grunnlagd som landsbyen Pertoma (russisk: Пертома) på 1600-talet. I 1777 fekk han byrettar og nytt namn, Posjekhonje. I 1918 vart namnet på byen endra til Posjekhonje-Volodarsk (russisk: Пошехо́нье-Волода́рск), etter sovjetpolitikaren V. Volodarskij. Byen bar det namnet til 1992, då han fekk tilbake det gamle namnet Posjekhonje.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Posjekhonije» frå , den 3. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1600-talet