Porkhov (russisk Порхов) er ein by i Pskov oblast i Russland med om lag 7 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sjelon, 75 km aust for Pskov.
mini|venstre|Eit tårn i festninga.
Ein reknar med at festninga Porkhov vart grunnlagd av Alexander Nevskij i 1239. Tømmerfestninga vart plyndra av Algirdas i 1356 og brende ned i 1387. Republikken Novgorod bygde straks opp att festningsverka i kalkstein ein drøy kilometer lenger ned elva. I 1428 øydela Vytautas, storhertugen av Litauen, vestmuren med artillerield og gjekk inn i Porkhov. To år seinare gjorde novgorodarane festninga større og murane vart reparert. Men etter at Novgorod fall til moskovittane i 1478 vart festninga mindre viktig.
Festninga består av ein godt bevart ytre mur, to tårn, der det eine delvis er i ruinar, ei kyrkje frå 1412 og eit lokalhistorisk museum.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1200-talet