Podporozje (russisk Подпорожье) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Svir, 285 km nord-aust for St. Petersburg. Podporozje grensar til Onegasjøen og republikken Karelen, Vologda oblast og til dei to regionane Tikhvin og Lodejnoje Pole i Leningrad oblast.
Etter kommunereforma i Leningrad oblast i 2006 er Podporozje eigen kommune og er samstundes det administrative sentrumet i regionen med same namn. Regionen består av ytterlegare 4 mindre kommunar, med til saman om lag 14 000 innbyggjarar.
Podporozje vart grunnlagd i 1936 og fekk bystatus i 1956.
Podporozje er venskapskommune med Steigen i Nordland.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Podporozje» frå , den 1. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1936