Yngve er eit mannsnamn som kjem frå norrønt Yngvi, i norrøn gudelære eit anna namn for guden Frøy, føreleddet ei sideform til gudenamnet Ing.
Yngve har namnedag 11. februar.
Bruken av namnet i Noreg Namnet Yngve kom i bruk i Noreg rundt 1860, men vart ikkje vanleg før etter andre verdskrigen. Populariteten nådde ein topp rundt 1970. Ved folketeljinga i 1801 var namnet ikkje registrert brukt. Ved folketeljinga i 1900 var 37 registrerte med namnet, flest i Kristiania. I 2008 er det 2353 menn som har Yngve til første fornamn.
Kjende namneberarar Yngve Hågensen (f. 1938), norsk fagforeningsleiar Yngve Sætre (f. 1962), norsk musikar og produsent Yngve Sundvor (f. 1968), norsk sceneinstruktør
Sjå òg:
Kjelder Folketeljingar i Digitalarkivet Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav