Kedrovyj (russisk Кедровый) er ein by i Tomsk oblast i Russland med om lag 2 000 innbyggjarar. Han ligg i dalen til elva Tsjusik, rundt 350 km vest-nordvest for Tomsk.
Historie Kedrovyj vart grunnlagd i 1982 som ein busetnad for oljearbeidarar. I 1987 fekk han bystatus. Forventningane til utviklinga av oljeførekomstane i området har så langt ikkje slått til, hovudsakleg på grunn av den ugunstige infrastrukturen i området. På grunn av dette har folketalsutviklinga i byen stagnert, i motsetnad til mange andre byar på Den vestsibirske sletta.
Næringsliv Kedrovyj er senter for olje- og gassområdet Pudino, som er utbygd av selskapet Luginezneft (eigd av Rosneft). I tillegg føregår det skogsdrift i regionen.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Kedrovyj» frå , den 29. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1982