Eidsberg kommune er ein tidlegare norsk kommune i Østfold fylke, fram til han 1. januar 2020 blei del av den nye Indre Østfold kommune. Kommunen grensa til Marker kommune i aust, Rakkestad kommune i sør, Skiptvet kommune i sørvest, Askim kommune i nordvest, Trøgstad kommune i nord og Aurskog-Høland i Akershus fylke i nordaust. Kommunen omfatta låglandet på austbreidda av Glomma og skogsåsane austover mot vasskiljet mot Haldenvassdraget.
Administrasjonssenteret var Mysen, endestasjon for den austre linja til togselskapet NSB. Den best kjende attraksjonen i området er Momarken travbane, der Momarkedet bruker å bli skipa til.
mini|portrett|venstre|Eidsberg kyrkje mini|portrett|Høytorp fort
Kommunevåpenet Kommunevåpenet blei godkjent i 1962 og har eit svart avrive bjørnehovud på gull bakgrunn. Motivet viser til segner om ei rekke mannsnamn på -bjørn, og til baglaranes Arnbjørn Jonsson, som også var lendmann.
Kjende personar frå Eidsberg kommune Vibeke Skofterud (1980-2018), skiløpar
Kjelder
Bakgrunnsstoff Eidsberg kommune
Kategori:Tidlegare kommunar i Østfold Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2019