Vigleik Dyrøy () er ein norsk visesongar, komponist og tekstforfattar frå Askøy.

Han var medlem av visegruppa Fenring. Dei gav ut albumet Tilbakeblikk... i 1979. Vigleik Dyrøy har tonesett fleire av dikta til Olav Lavik og halde fleire konsertprogram saman med han. Han og Fenring deltok med Olav Lavik i Erik Bye sitt program Toner fra Askøy.

Dyrøy er i dag leiar for gruppa Demring. Vigleik Dyrøy og «Demring» reiser rundt i folkeakademia og mållaga med programmet Audslegt rop mot bratt fjell, som er bygd på Lavik/Dyrøy-songar. I 2009 gav Askøy Mållag ut boka Kall meg rimsmed og jordtræl - Olav Lavik i liv og dikting. Dyrøy var redaktør for boka. Cd-en Diktet og draumen, som fylgjer med boka, inneheld 11 songar innspelt av gruppa Demring.

Kjelder «Glimrande comeback av Fenring» - artikkel av Harald Clausen Hordaland Folkeakademi - Program for 2009. «Suksess for den nye visegruppa 'Fenring'» - artikkel av Conrad Clausen

Kategori:Norske visesongarar Kategori:Norske visediktarar Kategori:Folk frå Askøy