Kubinka (russisk Ку́бинка) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Setun, 63 km vest for Moskva. Han fekk bystatus i 2004.
I Kubinka låg eit sovjetisk testområde for stridsvogner, og i dag ligg Kubinka stridsvognmuseum i byen. Det ligg òg ein militær flybase her, og den statlege russiske flyfabrikanten Mig MAPO har ein fabrikk i byen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1400-talet