Nikolajevsk-na-Amure (russisk Никола́евск-на-Аму́ре) er ein by i Khabarovsk kraj i Russland. Byen ligg 80 km frå munningen til Amur, 650 km nordaust for Khabarovsk. Byen har om lag 17 000 innbyggjarar.

Den russiske busetnaden vart grunnlagd som Nikolajevskij av Gennadij Nevelskoj 13. august 1850. Byen vart kalla opp etter tsar Nikolaj I av Russland. Han fekk byrettar og og namnet Nikolajevsk-na-Amure i 1856.

mini|venstre|Nikolajevsk, ca. 1900.

Byen vart ei viktig kommersiell hamn og vart administrativt senter for regionen til 1880, då guvernøren vart flytta til Khabarovsk. Anton Tsjekhov vitja byen på reisa si til Sakhalin i 1890, og merka seg at folketalet minka raskt. Nikolajevsk kom ut av resesjonen i 1896 då det vart oppdaga gull i nærleiken og som følgje av nyoppretta laksefiskeri.

Under den russiske borgarkrigen fall folketalet i byen frå 15 000 til 2 000, etter at ein lokal partisanleiar, som seinare vart avretta av dei same bolsjevikane han var meint å høyre til, jamna byen med jorda og massakrerte den japanske minoriteten i byen.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Nikolajevsk-na-Amure» frå , den 25. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1850