Stårheim kyrkje står på Stårheim i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1864.
Bygget, som har sitjeplassar til 340 personar, er ført opp etter teikningar laga av arkitekt Christian Heinrich Grosch.
På kyrkjegarden står det ein minnestein som heidrar salmediktaren Matias Orheim.
Den fyrste Stårheim-kyrkja vart truleg sett opp på på fyrste del av 1100-talet som høgendekyrkje eller huskapell av stormannen Arne på Stofreimr. Fyrste gongen ein finn Stårheim-kyrkja omtala i kjeldene er i 1338, då hadde nokon sett fyr på kyrkja. Dette var truleg ei stavkyrkje som stod til kring 1600. Stavkyrkja vart erstatta av ei enkel tømra kyrkje som stod til dagens kyrkje skulle byggjast.
Stårheim kyrkje er soknekyrkje i Stårheim sokn i Nordfjord prosti.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Stårheim sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Eid kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Stad Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Kyrkjer i Nordfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Kulturminne i Stad Kategori:1864 i Noreg