Terje Paul Wibe () er ein norsk sjakkspelar. Han vart Noregsmeister i sjakk i 1971 etter stikkamp mot Svein Johannessen, som han vann 4,5-3,5Brekke s. 105Norsk sjakkblad nr 5, 1977 s. 6.

Terje Wibe vart utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE i 1977, som den femte frå Noreg med denne tittelenBrekke s. 95. Han kvalifiserte seg til tittelen ved fine resultat i dei to internasjonale turneringane Astoria Chess International 1976 og 1977 på Hamar, og deretter med ein tredjeplass i Gausdal Chess International 1977Norsk Sjakkblad nr 5, 1977 s. 3-7.

Terje Wibe lærte å flytte sjakkbrikkene heime som 7-8-åring, og kom deretter med i skulesjakk i Oslo. Han vart sidan Oslomeister i juniorklassa, og i 1965 vart han junior-NoregsmeisterBrekke s. 104.

Terje Wibe deltok på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag) i 1966, 1968, 1970 og 1972. I 1966 måtte han vinne mot Stormeister Rossolimo, USA for at Noreg skulle gå til A-finalen med dei 16 beste laga. Dette klarte han også, eit "sprudlande kongeangrep slo gjennom"Norsk Sjakkblad nr. 5, 1977 s. 6. Terje Wibe tok 4,5 av 10 på 6. bord i 1966, 8,5 av 14 på 5. bord i 1968, 8,5 av 15 på 4. bord i 1970 og 7 av 15 på 2. bord i 1972olimpbaseBrekke s.113.

Terje Wibe har også spelt postsjakk, og i 1982 kvalifiserte han seg til tittelen Internasjonal Meister i fjernsjakk, og i 1994 til tittelen Internasjonal Stormeister i fjernsjakk.ICCF liste over Stormeistrar i fjernsjakk vitja 13. april 2009

Bakgrunnsstoff Terje Wibe sine parti hos www.chessgames.com Terje Wibe sine parti hos NorBase

Kjelder Norsk Sjakkblad nr 5, 1977 Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2 Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv

Fotnotar

Kategori:norske sjakkspelarar Kategori:Noregsmeistrar i sjakk Kategori:Internasjonale meistrar i sjakk Kategori:Internasjonale fjernsjakkstormeistrar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Junior-noregsmeistrar i sjakk