Vysjnij Volotsjok (russisk Вы́шний Волочёк) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg rundt 120 km nordvest for Tver.

Historie Busetnaden har vore kjend sidan 1437. Vysjnij Volotsjok ligg i Valdajhøgdene, mellom elvane Tvertsa og Tsna, på vasskiljet mellom Volga og Austersjøen. Frå dette kjem namnet på byen, som tyder «Den øvre staden der båtar vert dradd mellom elvar». I 1703–1722 fekk Peter den store bygd ein kanal som knytte desse to elvane saman, Mariinskkanal-systemet). Seinare vart Vysjnij Volotsjok eit viktig senter for tekstilproduksjon.

Næringsliv Byen har i dag eit mangfaldig næringsliv, som omfattar tekstilindustri, trevarer, papirindustri og næringsmiddelindustri, i tillegg til enkelte utdanningsinstitusjonar.

Både hovudvegen og jernbanen mellom Moskva og Sankt Petersburg går gjennom byen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff