Tsjekhov (russisk Че́хов) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 85 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 80 km sør for Moskva.

Byen oppstod som ein handelsbusetnad på 1700-talet. Mellom 1920 og 1954 skifta busetnaden namn fleire gonger. Før 1920 heitte han Lopasnja (russisk Лопасня) (etter elva Lopasnja), mellom 1920 og 1936 Tsjornoje Ozero (russisk Чёрное Озеро) og frå 1936–1954 igjen Lopasnja. I 1954 fekk busetnaden bystatus og det noverande namnet sitt, til ære for den russiske forfattaren Anton Tsjekhov. Femten kilometer frå Tsjekhov, i landsbyen Melikhovo, ligg eit Anton Tsjekhov-museum. venstre|mini|Tsjekhov jernbanestasjon

I utkanten av Tsjekhov ligg Davidov-klosteret, etter sigande det rikaste klosteret i Russland. Det inneheld mange kyrkjer frå 1600- og 1700-talet.

Nær Tsjekhov ligg krigshovudkvarteret til Russland sin generalstab, gravlagd djupt under bakken,Globalsecurity.org, Chekhov og truleg direkte knytt til Kreml via ein undergrunnsbane– Moskva Metro 2, drive av den russiske føderale tryggingstenesta (FSB).Google Earth community Begge desse kjeldene baserer seg på det amerikanske forsvarsdepartementet sin «Soviet Military Power».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tsjekhov i Moskva oblast» frå , den 11. januar 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde på 1700-talet