Sigmund er eit mannsnamn, av norrønt Sigmundr, samansett av 'siger' og mundr, som tyder 'vernar'.
Sigmund har i Noreg namnedag 10. januar.
Bruken av namnet i Noreg Namnet Sigmund var lite bruka før mot slutten av 1800-talet. I gamle kjelder kan det forvekslast med skrivemåtar av namnet Simon. Populariteten nådde toppen i 1930-åra, sidan har bruken gått attende.
I folketeljinga frå 1801 var det 29 som hadde namnet, i forma Sigmund, Simund , Dei som hadde namnet i forma Sigmund budde i Vest-Agder og Rogaland, dei fleste med namneforma Simund budde i Vestfold. I 1900 var 232 listeførte med namnet Sigmun, Sigmund, Simun, Simund eller Gunn. I 2008 hadde 3 546 Sigmund til første fornamn
mini|upright|Sigmund Freud Kjende namneberarar Sigmund Ongul, orknøyisk skald på 1100-talet Sigmund Freud (1856–1939), austerriksk nevrolog Sigmund Skard (1903–1995), norsk akademikar og forfattar Sigmund Ruud (1907-1994), norsk skirennar Sigmund Borgan (1920-2004), norsk økonom Sigmund Groven (f. 1946), norsk musikar og komponist Sigmund Eikås (f. 1947), norsk spelemann Sigmund Pedersen (f. 1947), norsk politikar Sigmund Løvåsen (f. 1977), norsk forfattar
Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bakgrunnsstoff
FolketeljIngar i Digitalarkivet
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til strid Kategori:Namn knytte til vern