Novotsjeboksarsk (russisk Новочебокса́рск, tsjuvansk Çěнě Шупашкар) er ein by i Republikken Tsjuvasjia i Russland med om lag 120 000 innbyggjarar. Han ligg på sørsida av elva Volga, rundt 10 km aust for Tsjeboksary. |

Novotsjeboksarsk vart grunnlagt i 1960 som ein satellittby til Tsjeboksary. Byen vart bygt på eit tidlegare ubygt område og den raskt voksande byen tok etter kvart over omkringliggande landsbyar. Han passerte 100 000 innbyggjarar i 1983.

Tsjeboksary vasskraftverk i Volga ligg like ved byen.

Kjende personar Olga Jegorova – langdistanseløpar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Novotsjeboksarsk» frå , den 5. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1960 Kategori:Byar ved Volga