Pål Bjarne Tyldum () er ein norsk tidlegare langrennar frå Høylandet i Nord-Trøndelag.
Fremste prestasjonane Tyldum var lite påakta som langrennar før enn han i 1968 gjekk ei rekke gode renn. Han vart olympiameister på femmila i Sapporo under 1972, og var med på stafettlaget som tok gull i Grenoble under 1968. I tillegg vann han tre OL-sølv (eit av dei i stafett) og vart noregsmeister sju gonger. Han var særleg dyktig på dei lengre distansane, kjend for si evne til å disponere kreftene. Tyldum var norsk flaggberar i vinter-OL 1976 i Innsbruck. Han representerte i alle år Idrettslaget Hållingen frå Høylandet. For innsatsen sin under vinter-OL i 1972 vann han Fearnleys olympiske ærespris dette året.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1968: Vinnar av 15 km i Lahti. Andreplass både på 15 km og 50 km i Holmenkollrenna. Fjerdeplass på femmila under OL i Grenoble og sjuandeplass på 15 km. Han gjekk andre-etappen på stafettlaget som vann ein overlegen siger. 1969: Vinnar av femmila i Holmenkollen, nummer to på 15 km. Tredjeplass på tremila i Svenska skidspelen i Falun. 1970: Andreplass på femmila i Holmenkollen, og tredjeplass på femmila i Lahti. Nr fire på tremila, nr 5 på 15 km og nr 11 på femmila under VM i Štrbské pleso. 1971: Vinnar av femmila og andreplass på 15 km i Lahti. 1972: Gullmedalje på femmila under OL i Sapporo, sølvmedalje på tremila. Vinnar av 50-kilometeren i Holmenkollen. Han gjekk andre etappe for stafettlaget som fekk sølv etter å kjempa hardt med Sovjet. 1973: Andreplass på 15 km og tredjeplass på 50 km i Holmenkollen. 1974: Andreplass på femmila i Lahti. Nr 21 på tremila under verdsmeisterskapen i Falun. 1976: Nr 10 på 15 km i Holmenkollen.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1967: Nr 6 på femmila på Skorovatn Ski-NM 1968: Gullmedalje på femmila på Hønefoss og sølv på 30 km i Bærum Ski-NM 1969: Gullmedalje 15 km og sølvmedalje på femmila i Alvdal Ski-NM 1970: Gullmedalje på femmila i Meldal, og sølv på tremila i Trondheim Ski-NM 1971: Gullmedalje på 15 km, sølv på femmila og bronse på tremila, alle renna på Fåberg Ski-NM 1972: Gullmedalje både på tremila og femmila i Tydal Ski-NM 1973: Gullmedalje på 15 km og sølvmedalje på femmila på Lillehammer Ski-NM 1974: Nr 5 på tremila i Selbu Ski-NM 1975: Nr 9 på femmila i Flatebygd Ski-NM 1976: Bronsemedalje på 15 km i Surnadal
Tyldum vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1970. Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Folk frå Høylandet