Anne Enger, tidlegare Anne Enger Lahnstein, () er tidlegare leiar for Senterpartiet og var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Regjeringa Bondevik I. I ein periode var ho fungerande statsminister for Kjell Magne Bondevik under eit lengre sjukdomsfråver. Ho kjem opphavleg frå Trøgstad i Østfold.
Frå 2004 til 2015 var ho fylkesmann i Østfold. Ho har tidlegare vore leiar i Redningsselskapet.
Enger var ein av dei mest innflytingsrike politikarane på 1990-talet, men ho er nok mest kjend for kampen mot norsk medlemskap i EU fram mot valet i 1994. I denne perioden vart ho av media kalla «Nei-dronninga».
Enger tok artium i 1968 og har utdanning både som sjukepleiar (1972) og sosionom (1975) frå Det norske diakonhjem.
Kjelder
Kategori:Leiarar for Senterpartiet Kategori:Norske kulturministrar Kategori:Senterpartistatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bondevik I Kategori:EU-valet 1994 Kategori:Fylkesmenn i Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Folk frå Trøgstad