Amen (hebraisk , arabisk , ; , ; arameisk/, 'amīn) ) er ein liturgisk sluttformel som tyder 'det står fast'.
Ordet vert bruka til å avslutte bøner, som i Salmane 41,14: «Lova vere Herren, Israels Gud, frå æve til æve! Amen, amen.»Sal. 41,14 Ordet kan stå uomsett i Bibelen, eller det kan vere omsett med 'sanneleg', som når Jesus innleier ei utsegn med eitt eller to amen: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.»Joh. 3,3
Innanfor kristen liturgi vert ordet bruka til å avslutte Fadervår og når kyrkjelyden skal slutte seg til ei bøn eller velsigning.
I eit folkeleg munnhell heiter det «sikkert som amen i kyrkja» om ting vi kan kjenne oss sikre på at vil inntreffe.
Referansar
Kategori:Liturgi Kategori:Bibelske ord og uttrykk Kategori:Interjeksjonar