mini|300px|Ruta til «Centurion» under George Anson George Anson si jordomsegling var eit tokt som kommandør George Anson gjennomførte med åtte skip då Storbritannia var i krig med Spania i 1740. Han kom tilbake til England i 1744 etter å ha vore i Kina og erobra ein spansk gallion ved Filippinane. Anson tapte mange mann og skip på grunn av sjukdom, uvêr og kamphandlingar, og returnerte med berre 188 av 1854 mann.
Førebuingar Spania transporterte store rikdommar og mykje varer frå Den nye verda i Amerika til heimlandet. Storbritannia hadde forhandla fram ein avtale med Spania som tillet dei å sende eit handelsskip i året til dei spanske koloniane, samt slavar, men mange handelsskip opererte med ulovleg handel og spenningane mellom dei to nasjonane førte til slutt til krigen om øyra til Jenkins.
Britane hadde fleire planar for å erobre dei spanske koloniane. Edward Vernon hadde erobra Portobelo i november 1739 og ein annan skvadron vart leia av George Anson, som skulle segle rundt Kapp Horn med seks krigsskip og 500 soldatar for å ta Callao i Peru, så ta Lima og Panama om mogeleg, ein galleion frå Acapulco og starte eit opprør mellom peruanarane og spanjolane.Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 10-14
Skvadronen til Anson bestod av seks krigsskip:Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 15 «Centurion» (flaggskipet med 60 kanonar og 400 mann. «Gloucester» «Severn» «Pearl» «Wager» «Tryal»
I tillegg skulle to handelsfartøy, «Anna» og «Industry», frakte forsyningar.
Då skvadronen skulle legge i veg i midten av august 1740 vart dei stogga av kraftig vind, og måtte så eskortere handelsfartøy ut av Den engelske kanalen før dei kom seg i veg den 18. september. På grunn av forseinkinga hadde franskmennene fått nyss i planane til britane, og fortalt det vidare til spanjolane, som sende fem krigsskip til Madeira, som då var nøytral og skulle vere anløpshamn for Anson.
Til sjøs
Skvadronen nådde Madeira 25. oktober 1740 og kom seg raskt vidare etter å ha lasta om bord forsyningar den 3. eller 5. november, utan at noko meir skjedde her.Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 29 seier 5. nov., medan denne kortare utgåva seier 3. nov. Hadde dei møtt den spanske skvadronen hadde toktet truleg vore over sidan Anson måtte ha kasta over bord dei store mengdene forsyningar som låg på dekk og hindra effektiv manøvrering i kamp.
Ganske snart byrja maten å rotne og det var stort behov for utlufting i dei lågare dekka. Normale ville kanonportane ha stått opne, men sidan skipet låg så lågt i sjøen på grunn av dei mange forsyningane, så vart dette umogeleg og dei måtte skjere luftehol i skipssida. Dette var berre ein del av eit større problem som skulle få katastrofale følgjer. Dei overfylte skipa hadde køyer som hang tett i tett og tyfus eller «skipsfeber», spreidde seg raskt med kroppslus, som treivst i det varme, fuktige og uhygieniske tilhøva. Etter to månader til sjøs vart store delar av mannskapet råka av denne sjukdomen og dysenteri.
mini
Skvadronen nådde Isla de Santa Catarina, ei stor øya like utanfor kysten av Sør-Brasil den 21. desember og dei sjuke vart sende på land. Skipa vart grundig reinsa, og det vart tent bol inne i skipa med skalka luker slik at røyken ville ta livet av rotter og andre skadedyr. Til slutt vart alt vaska med eddik. thumb Anson håpte å kome seg raskt vidare, men masta på «Tryal» måtte fiksast og dette tok ein månad. Mannskapet, som no budde i telt på land, vart utsett for moskitoar og snart dukka det opp malaria, og talet på sjuke auka. 18. januar 1741 la skipa ut på havet igjen med ein fjerdedel av mannskapet på «Centurion» sjuke.Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 33 Anson segla mot Puerto San Julián, nær austsida av Magellansundet. Fire dagar seinare vart skipa råka av storm og den reparerte masta til «Tryal» knekte, slik at «Gloucester» måtte slepe skipet. I tillegg kom «Pearl» bort frå resten av skvadron og kapteinen her omkom. Løytnant Sampson Salt tok over skipet og såg fem skip i horisonten, men vart forferda då han oppdaga at det var dei spanske skipa som omsider hadde teke dei igjen. Mannskapet kasta alt dei ikkje trong over bord og heiste ekstra segl. Spanjolane trudde at Pearl var på veg mot ei grunne og følgde ikkje etter, men grunna var berre gytande fisk og Pearl kom seg unna.
mini
Sjølv om dei spanske skipa var i nærleiken, hadde ikkje skvadronen noko anna val enn å stoppe i St. Julian, der det verken var tre eller ferskvatn.
Skipa nådde Le Maire-sundet ved Kapp Horn den 7. mars 1741 i uvanleg fint vêr for årstida, men vêret endra seg brott og ein kraftig storm kom opp frå sør. I vekene etter fekk mykje av mannskapet skjørbuk, i tillegg til dei sjukdommane som alt rådde. Hundrevis av menn døydde i vekene etter at skipa runda Hornet.Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 44
Fleire uvêr råka skvadronen, og både «Severn», «Pearl» og «Wager» kom bort frå resten av skvadronen. «Centurion» og «Gloucester» hadde lause eller skadde segl og mannskapet var for få eller for svake til å reparere dei. Skvadronen hadde vorte einige om tre møtepunkt om dei kom frå kvarandre og «Centurion» kom først fram til Isla Guamblin i Chile den 8. mai. Då ingen andre skip kom etter to veker, la Anson ut mot det tredje møtepunktet ved Juan Fernandez, sidan Valdivia, det andre møtepunktet, vart sett på som for farleg.
mini
Dårlege kart gjorde at øyane var vanskeleg å finne og ført 9. juni fekk dei sikte på øyane. I løpet av tida som hadde gått hadde 70-80 mann døydd om bord. Centurion hadde no berre 8 mann og resten av offiserane igjen. Ved øyane var det ingen andre skip, men såg då «Tryal» som var på veg inn mot øyane. Her var berre kapteinen og tre sjømenn oppegåande på dekk. Etter kvart nærma òg Gloucester seg og her hadde 254 av mannskapet omkomme, og berre 92 mann var att, dei fleste sjuke av skjørbuk.
mini
Fersk mat og fisk gjorde at nokre kom seg raskt att, medan andre var for sjuke og døydde. Den 16. august dukka brått «Anna» opp i bukta. I to månader hadde mannskapet gjort reparasjonar på skipet på ei anna øy, medan mannskapet vart betre, før dei la på veg mot Juan Fernandez. Anna var derimot så skadd at Anson forlet skipet der og overførte mannskapet til Gloucester.
Anson sette segl i september 1741 og hadde då mista 626 eller om lag to tredjedelar av mannskapet.Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 65 To av dei andre skipa, «Severn» og «Pearl» hadde kome bort frå resten av skvadronen, og på grunn av kraftig pålandsvind kom dei seg ikkje til havs. Til slutt hadde det gått så lang tid at de bestemte seg for å segle tilbake rundt Kapp Horn og vende skutene heimover. Det tredje skipet som var kome ut av syne var «Wager». Dette skipet hadde forlist ved ei øy utanfor Chile og mannskapet var stranda på øya. Dei bygde så om skipsbåten på 38 fot og hadde i tillegg ein kutter på 30 fot. Med desse segla mannskapet 71 sørover for å nå austsida av Sør-Amerika. Kutteren måtte raskt vende tilbake og berre skipsbåten klarte turen.
Utanfor Sør-Amerika
Anson var no usikker på kva han skulle gjere. Det var ni månader sidan siste nyhende hadde kome til han og det kunne hende at Spania ikkje lenger var i krig med Storbritannia. Han tenkte på å reise vidare til Panama, som var ein del av den opphavlege planen, og oppdaga så eit skip som var på veg mot han. Det var eit spansk handelsskip som raskt overgav seg til engelskmennene. Ombord var ein del gull og sølv, men enno viktigare var dokumenta som synte at nasjonane framleis var i krig, og at britane ikkje hadde klart å ta spanjolane i Karibia, slik at han truleg ikkje kunne vente seg noko støtte i Panama.
Skvadronen vart verande utanfor kysten av Sør-Amerika ei tid og jakta på spanske handelsskip. Med lite mannskap om bord hadde ikkje Anson forhåpningar om å ta noker spanske byar, men byen Paita var liten nok og for dårleg verna slik at Anson nærast kunne marsjere rett inn i byen utan særleg kamp.
thumb
Skvadronen segla no vidare med erobra spanske skip på slep mot Acapulco i håp om å møte nokre av gallionane frå Manilla. Dei hadde no rikeleg med næringsrik mat og etter Juan Fernandez, sju månader tidlegare, hadde berre to av mannskapet døydd. Acapulco viste seg å vere vanskeleg å finne, men dei kom til slutt fram og fann ut at gallionen frå Manilla hadde kome fram tre veker tidlegare, men at han skulle til sjøs igjen 3. mars, to veker seinare. Gallionen hadde eit mannskap på 400 og 58 kanonar.
Planen var å nytte «Centurion» og «Gloucester» til å ta gallionen, så det meste av mannskapet vart tekne om bord her med spanske slavar til å bemanne kanonane, mot at dei vart lovd fridom i etterkant. Skvadronen heldt seg langt nok til havs til at dei ikkje kunne observerast frå land, men sende skipsbåten innover for å halde auge med gallionen. Spanjolane oppdaga skipsbåten og skjønte at det var ei felle på vent utanfor hamna. Sidan Anson ikkje kunne angripe den godt forsvarte byen kunne han ikkje gjere noko anna enn å vente, og då april kom hadde skvadronen lite vatn att. Dei segla så nordaustover der det visstnok skulle vere ei god vasskjelde, og let ein kutter vere att for å halde auge med Acapulco.
Sidan spanjolane no var klar over skvadronen hans var det sikkert at han måtte segle heim at om Kina og ikkje rundt Kapp Horn igjen. Før Anson sette segl måtte han kvitte seg med dei tre spanske prisskipa og ta mannskapet om bord. Så segla han sørover til Anson for å finne mennene om bord på kutteren, men denne var ingen stad å sjå. Han rekna med at dei var tekne til fange og sende seks spanske fangar på land i ein liten båt med ei melding som sa at han ville sleppe fri resten av fangane om han fekk tilbake mennene sine. Etter tre dagar utan svar dukka brått kutteren opp frå havet. Mannskapet var i særs dårleg forfatning og hadde ikkje vore i land. Dei var særs solbrente etter seks veker i ein open båt til sjøs. Anson sende så 57 av fangane på land, inkludert alle spanjolane, men heldt tilbake 43 andre av andre rasar. 6 mai 1742 sette han segl vestover over Stillehavet.
Kryssinga av Stillehavet
Basert på tidlegare forteljingar skulle kryssinga av Stillehavet vere ei lett oppgåve og ta om lag to månader. Andre sjømenn hadde reist ut sør for Acapulco og vorte fanga av passatvindane som bles konstant mot vest mellom 10° og 14°N. Ingen av desse hadde derimot reist frå området i mai, ei tid då passatvindane ligg lenger nord, og Centurion og Gloucester vart liggande vekevis i rolege vindforhold og sterk varme.
Dette fekk etter kvart følgjer for mannskapet. Fangane var dei første som utvikla skjørbuk, og etter kvart spreidde det seg til resten av mannskapet også.
I juli mista Gloucester det meste av riggen og ein stor lekkasje opna seg den 13. august. Lekkasje var det òg om bord på Centurion, så Anson nølte først med å ta om bord mannskapet frå Gloucester. Til slutt såg han ingen andre høve enn å gjere dette og tok med seg det som var å redde frå Gloucester, hovudsakleg skattane frå dei spanske skipa. Gloucester vart sett i brann slik at spanjolane ikkje skulle få tak i det tomme skipet.